Familietur i stødige tandemkajakkar

Kvar dag på bestilling• 3 timar

Ta med heile familien din på tur med oss i stødige tandemkajakkar. Varigheit ca 3 timar.

3 timars kajakktur i våre stødige tandemkajakkar. Ønskjer de å padla i singelkajakkar er det sjølvsagt mogleg. Du kan velja mellom å padla på Årdalsvatnet eller på Sognefjorden. Me tek oss god tid på turen, stoppar og går i land på dei yngste turdeltakarane sine premissar. Hovudpoenget her er å ha det kjekt ute på tur som familie/gruppe.

Pris:

Vaksen: KR 850,-

Barn: KR 790,-

 

Halvdagstur i kajakk

Kvar dag på bestilling • 3 timar

Våre erfarne guidar tek deg med på tur på det vakre Årdalsvatnet. Denne turen gir deg verkeleg inntrykk av kontrasten mellom vatnet og dei stupbratte fjellsidene som omkransar det. På denne turen får du innføring i grunnleggande padleteknikk på same tid som du lærer om Årdal sin kultur og historie. Me tek oss god tid, og stoppar og går i land for å nyta ein matbit undervegs. Du kan også velja å legga ein halvdagstur til Sognefjorden om du heller vil det.

Pris:

Vaksen: KR 850,-

Barn: KR 790,-

 

Frå fjord til fjell

Kvar dag på bestilling• 7 timar

6-8 timars guida tur. Me padlar frå Øvre Årdal til den veglause dalen Nundalen. Frå vatnet vandrar me opp til garden Haugstad som ligg på 520 moh.  Eit fantastisk utsynspunkt. Guiden vil fortelja om historia til Nundalen - før industrialiseringa tok tak og endra Årdalssamfunnet. Du får også høyra nokre av segnene knytt til dette dalføret. Denne turen byr på noko utanom det vanlege - og er ein tur for minneboka - som ikkje "alle" får oppleva! 

 

Pris:

Vaksen (12+): KR 1450,-          

 

Heildagstur i kajakk

Kvar dag på bestilling • 6 timar

Nyt dagen i ein kajakk. Me padlar gjennom eitt av dei vakraste landskapa i verda, tek oss god tid og nyt omgjevnadene til fulle.  Om tilhøva tillet det padlar me til Indre Ofredalen og går i land der for ein omvisning på det historiske anlegget. Varigheit: 5-6 timar.

Me padlar innom avsidesliggande småelver som renn ut i fjorden/vatnet. Guiden vil fortelja om Årdal si historie. 

pris:

Vaksen(12+): KR 1450,-

 

 

 

 

 

For reservasjonar eller meir info:

Ta kontakt med oss på epost eller telefon, så svarar me på alle dine spørsmål.