Om Kajakkskulen

Datoar 2018:

13. - 15. august (FULLT)

17. - 19. august (få ledige plassar)

 

Kajakkskulen er ein 3-dagars camp for deg mellom 10-13 år som likar å vera ute og i aktivitet i naturen. 

På Kajakkskulen får du læra å padla og å driva friluftsliv i tilknyting til fjorden. Hovudmålet er å læra å padla og ha det kjekt saman med andre i naturen. 

 

Dag 1

09.00-10.00: Innsjekk og fordeling av rom

10.00-12.00: Bli kjent og utlevering av utstyr

12.00: Lunsj

13.00-17.00: Introduksjon til padling

17.00: Middag

19.00: Fritid / sosialt

 

Dag 2

08.00: Frukost

09.00-12.00: Gruppeaktivitetar SUP / kajakk

12.00: Lunsj

13.00-17.00: Gruppeaktivitetar SUP / kajakk

17.00: Middag

19.00: Fritid / sosialt

 

Dag 3

08.00: Frukost

09.00-12.00: Gruppeaktivitetar SUP / kajakk

12.00: Lunsj

13.00-16.00: Gruppeaktivitetar SUP / kajakk

16.00: Middag (utdeling av våttkort)

18.00: Utsjekk og avreise

 

Overnatting & mat

Me overnattar to netter ved anlegget ne`fø sjøen i Indre Ofredal. Har du lyst til å prøva fiskelukka kan du anten ta med eige utstyr eller låna hjå oss. 

Pris

KR 2900,- PER PERSON

 

Kva må du ta med?

  • Ullundertøy og ullsokkar
  • Gode klede og gode sko
  • Innesko
  • Vassflaske
  • Solbriller/caps
  • Varme klede
  • Regnklede
  • Liten ryggsekk (om du har)
  • Tannkost, tannkrem & sjampo
  • Handklede
  • Fiskeutstyr (om du har)
  • Pengar til kiosken
  • Badeklede

 

Kva lærer du?

Du vil læra å padla og å ferdast trygt på vatnet. Du vil få ny kunnskap om friluftsliv og sporlaus ferdsel.  Hovudmålet vårt er at me skal ha det moro saman med andre medan me lærer noko nytt. 

 

 

for reservasjon eller meir info:

Ta kontakt med oss på epost eller telefon om de har spørsmål. Me svarar meir enn gjerne på det du lurer på.