Grunnkurs hav

3.-4. august

I samarbeid med Målrock arrangerer me grunnkurs hav 3.-4. august 2018.

Meld deg på og lær noko nytt på same tid som du tek deg tid til å oppleva ein fantastisk musikkfestival ved Årdalsfjorden.

IMG_4982.JPG

Program

KVA ER INKLUDERT?

Alt utstyr inkludert tørrdrakt og vest. Ta med mat og drikke og klede til å ha på land. 

 

AVBESTILLINGSVILKÅR

Avbestilling må skje seinast ei veke før kursstart, elles vil du bli belasta for kurset.

 

 

Kva må du ta med?

Ullundertøy/superundertøy til å ha på under tørrdrakten
Eit klesbyte
Mat og drikke
Solbriller / skyggelue
Varme klede til å ha på land

DAG 1

• Oppmøte. introduksjon og teori
•Praktiske øvingar - teknikk
•Lunsj
•Praktiske øvingar - redning

DAG 2
• Oppmøte, turplanlegging
• Tur
• Lunsj
• Evaluering, spørsmål

Kursskildring

Du blir introdusert til kajakken og utstyret. Etter kurset vil du ha lært å manøvrera kajakken, bruka padleåra og tryggleiksutstyret.

I tillegg vil du ha lært dei grunnleggande redningsteknikkane.

  • Løfte, bere, sjøsette kajakken
  • Effektiv framoverpadling
  • Rygging og stopping
  • Sidevegs forflytting
  • Padleteknikk
  • Snu og sving
  • Ilandsetjing
  • Sikring av kajakk
  • Redningsteknikkar
  • Førebygging av skadar
  • Turplanlegging
  • Tryggleik på sjøen
  • Friluftsliv
  • Sporlaus ferdsel

Pris

Kr 2950,- pr person