Friluftsprogrammet under Målrock 3.-5. august

Me samarbeider med musikkfestivalen Målrock for å få folk ut i den vakre naturen her i Årdal i samband med festivalen. Her er det ordtaket "helt om dagen, helt om natta" som gjeld!

Vårt program:

Fredag 3. august: 

Topptur til Store Soleiebotntind (2083moh)

IMG_0519.JPG

Du er hermed invitert til å bli med på årets topptur i samband med Målrock. Turen går til Store Soleiebotntind, som kan by på ei episk utsikt inn i hjarta av Hurrungane. Pris: kr 400,- per person. Oppmøte på torget i Øvre Årdal kl 10, der me samlar oss i færre bilar og køyrer oppover Tindevegen til Tverrelvi. Tid: 10:00-16:00


Fredag 3. august - laurdag 4. august:

Grunnkurs havpadling 2 dagar

IMG_5666.jpg

No har du sjansen til å vera i aktivitet på dagtid, og nyta god musikk på kveldstid. Gå på festival og lær noko nytt på same tid! 

Info om grunnkurset:
Du blir introdusert til kajakken og utstyret. Etter fullført kurs klarar du å manøvrera kajakken, du kan bruka padleåra effektivt og kjenner til dei ulike redningsteknikkane for kameratredning og sjølvberging. Varigheit: 16 timar over 2 dagar. Kurset kvalifiserer deg til våttkort frå Norsk Padleforbund. 

PRIS: Kr 2950,- pr person. Tid: 10:00-17:00


Laurdag 4. august: 

IMG_4005.jpg

Guida padletur på Sognefjorden

Det er nokre få tilgjengelege plassar til guida padletur laurdag 4. august som går saman med deltakarane på grunnkurset. Me padlar frå Vikadalen eller Seimsdalen til Indre Ofredal – ei perle ved Årdalsfjorden. Oppmøte etter avtale kl 10.

Deltakaravgift: kr 800,- per person

Har du eige utstyr og våttkort er du hjarteleg velkomen til å bli med på den guida turen til redusert pris: kr 400,- per person

Tid: Oppmøte kl 10:00 etter avtale

Torunn Todal Laberg