Gi vekk ei oppleving til jul

Det kan vera ei utfordring å finna ei passande julegåve til den som har alt, men ved å gi vekk ei naturoppleving er det vanskeleg å trø feil.

Her får du våre julegåvetips i år:

IMG_4982.JPG

1) Padlekurs eller guida padletur

Ei oppleving i kajakk er ei spenstig julegåve som passar til dei fleste. Du kan kjøpa gåvekort på 2-dagars grunnkurs (kr 2950), 4 timars introkurs (kr 1000) eller ein guida padletur med oss (kr 850). Me startar med kurs i april 2019.

Passar for: alle som likar å vera ute og læra noko nytt på same tid.


2) Familietur på truger

Ta med heile familien på trugetur til Paradisjuvet med kakaostopp og bålkos (kr 850 per person).

Familiepris: kr 3000 kr for familie på 4 (nedre aldersgrense: 10 år)

Passar for: alle familiar som er glad i snø og kakao

Sjå video her:


3) Familietur i stødige tandemkajakkar

IMG_6398.jpg

Vår mest populære tur sommaren 2018 var familieturen i dei stødige tandemkajakkane våre. Både born og foreldre får ei fantastisk oppleving på Sognefjorden, og sjansen er stor for å sjå både fisk som sprett, nysgjerrige steinkobber, niser og ørn. Pris for 1 vaksen/1 barn er kr 1450,-.

Passar for: alle både med og utan vatnskrekk


Bilde 13.08.2018, 11 19 27.jpg

4) Kajakkskule for born mellom 10-13 år

Har du ein ungdom i hus som likar å vera ute? Den populære kajakkskulen vår finn stad kvart år siste veka før skulestart etter somarferien, og er den perfekte julegåva! Pris: kr 2900,- for 3 dagar på kurs. Opphald og mat kjem utanom. Les her om Kajakkskulen 2018.

Passar for: alle born mellom 10-13 år


Torunn Todal Laberg