Yoga & Kajakk 2018

I år har me gleda av å ta del i to Yoga & Kajakk-helger i løpet av sesongen. Den første finn stad i Indre Ofredalen i Årdal i juni, og er resultatet av eit samarbeid med Fjordyoga i Aurland, medan den andre finn stad i Oldedalen i Stryn i juli og er eit resultat av samarbeid med Maitri Nature Yoga i Oldedalen.

Padling og yoga er ein fin kombinasjon - og nærleiken til naturen er ein føresetnad for desse samlingane. Me møtest morgon og kveld til yoga, og fyller dagane elles med padling, vandring, meditasjon eller det ein sjølv kjenner at ein har lyst til. Føremålet er å vera til stades i seg sjølv, læra noko nytt og ha det kjekt i naturen. 

IMG_3486.jpg
Torunn Todal Laberg