Fossevandring i Utladalen

Kvar dag på førespurnad• 4 timar

Bli med oss på fossevandring i Utladalen. Utladalen landskapsvernområde er kjend for fossane sine - og krona på verket er sjølvsagt Vettisfossen med sitt frie fall på 275 meter. Våre lokalkjende guidar tek deg med på vandring frå foss til foss innover dalen, og du vil få høyra om både historie, kultur og natur. Me stoppar også innom utstillinga i Utladalen Naturhus, før me vandrar langs elva Utla. Du får oppleva fire store fossar på vegen inn til Vettisfossen, i tillegg til fleire mindre fossefall. Me avsluttar med eit besøk hjå Vettisfossen.

Ta kontakt med oss for booking

PRIS:

VAKSEN: KR 500,-

BORN: KR 350,-

 

Dagstur i Jotunheimen 

kvar dag på førespurnad• 8 timar

Me tilbyr dagsturar i Jotunheimen Nationalpark. Lat oss føreslå ein passande tur for deg - og bli med på eventyr. 

Her ser du nokre moglege alternativ:

  • Store Soleiebotntind

  • Vestre Austanbotntind

  • Lauvnostind

  • Turar med utgangspunkt i Utladalen

Ta kontakt med oss for booking

PRIS:

Vaksen: Frå kr 950,-

Born (12+): Frå kr 790,-

 

Viewpoint Hiking

Kvar dag på førespurnad• 3 timar

Det finst ei mengd flotte utsynspunkt rundt Årdal - og du får vera med på å bestemma kva vinkel du vil sjå Sognefjorden, Årdal og naturen rundt frå. Ta kontakt for å snakka om dine ønskje for ein tur, så skreddarsyr me turen til deg. 

Ta kontakt med oss for booking

Vaksen: Frå kr 350,-

Born: Frå kr 250,-

 

Leige av kløvhest i Utladalen

kvar dag på førespurnad

Hesten vår hjelper deg med bagasjen om du skal vandra til eller frå Vetti Gard i Utladalen. Dette passar spesielt godt til familiar som skal inn til Vetti Gard då borna elskar å vandra saman med hesten innover dalen. 

Ta kontakt med oss for booking

PRIS:

Ein veg: kr 1400,- per hest