Trugeturar

Bli med våre erfarne guidar på trugetur i nydeleg vinterlandskap - anten til Paradisjuvet med fantastisk utsyn over Sognefjorden eller inn i Utladalen - eit landskapsvernområde på grensa til Jotunheimen Nasjonalpark. I Utladalen vandrar me i spora til berømde eventyrar som Fridtjof Nansen and William C. Slingsby og den verdsberømde komponisten Edvard Grieg. 

PRIS:

VAKSEN (12+): Kr 850,-

 

 

Vinterpadling

Bli med våre erfarne aktivitetsleiarar på eit skikkeleg vintereventyr.  Padling om vinteren kan vera utfordrande pga låge temperaturar, men ein får verkeleg løn for strevet gjennom opplevinga av eit magisk vinterlandskap, med skarp luft og ei stille som ein ikkje finn så mange andre stader. Me skreddarsyr turane våre etter vêr- og vindforholda - og tilbyr padling både på Sognefjorden og på Årdalsvatnet.  

PRIS:

VAKSEN (12+): Kr 850,-

 

Utleige av truger

Me leiger ut lette truger av høg kvalitet og med godt grep.

Prisar:

•truger og stavar 1/2 dag (4 timar): kr 300 

•truger og stavar 1 dag (8 timar): kr 500 


 
 
image001.jpg
IMG_0392.JPG
IMG_4779.JPG
IMG_0355.JPG
IMG_4721.JPG
Paradisjuvet Årdal.jpg
IMG_4818 red.JPG
IMG_0394.JPG
IMG_4827 red.JPG