Vinterpakker 2018

Denne vinteren kan me tilby helgepakker i samarbeid med Klingenberg Hotel som inkluderer overnatting ved fjorden, trugetur med fantastisk utsikt og/eller vinterpadling på Sognefjorden.

Opplev Årdal i vinterdrakt!

Paradisjuvet Årdal.jpg

Opplev Årdal i vinterdrakt

I samarbeid med Klingenberg Hotel kan me by på tre skreddarsydde helgepakker som inkluderer overnatting ved fjorden og elles det beste av det Årdal kan by på i form av opplevingar ute i naturen.

 Utsikta frå Paradisjuvet er spektakulær! FOTO: Kristian Lien

Utsikta frå Paradisjuvet er spektakulær! FOTO: Kristian Lien

Fjorden & Paradisjuvet

Innhald i pakken:

2 netter fredag-søndag på Klingenberg Hotel inkl frukost til kr 1200,- per person

Trugetur til Paradisjuvet laurdag. Ca 4 timar t/r i nydeleg terreng og med spektakulær utsikt på kjøpet til kr 850,- per person. Våre erfarne guidar byr på kakao på bålet med historieforteljing til.

Tillegg som kan inkluderast:

Ølsmaking i Eldhuset på Klingenberg Hotel (for grupper over 10): kr 300 per pers

Vinterpadling på Sognefjorden (3 timar): kr 850 per pers

 Vinterpadling er ei unik oppleving der me kler kulda ute og opplever noko som ikkje alle andre får.

Vinterpadling er ei unik oppleving der me kler kulda ute og opplever noko som ikkje alle andre får.

Fjord & Kajakk

Innhald i pakken:

2 netter fredag-søndag på Klingenberg Hotel inkl frukost til kr 1200,- per person

Padletur i fantastisk vinterlys på Sognefjorden på laurdagen. 3 timar totalt som inkluderer introduksjons til padling: kr 850,- per person. Dette kan utvidast til eit introduksjonskurs som kvalifiserer til våttkort frå Norsk Padleforbund: kr 1000,-

Tillegg som kan inkluderast:

Ølsmaking i Eldhuset på Klingenberg Hotel (for grupper over 10): kr 300 per pers

Trugetur til Paradisjuvet eller i Utladalen (4 timar): kr 850 per pers

 Me tilbyr ølsmaking i Eldhuset på Klingenberg Hotel i samarbeid med Tya bryggeri.

Me tilbyr ølsmaking i Eldhuset på Klingenberg Hotel i samarbeid med Tya bryggeri.

Fjorden & Eldhuset (for grupper)

Innhald i pakken:

2 netter fredag-søndag på Klingenberg Hotel inkl frukost til kr 1200,- per person

Ølsmaking med smaksprøvar av lokalmat i det sjarmerande lokalet Eldhuset på Klingenberg Hotel. Historieforteljing med Bulder & Brak Opplevingar som inkluderer Årdal si kultur-, natur- og industrihistorie til kr 300,- per person

Tillegg som kan inkluderast:

Trugetur til Paradisjuvet eller i Utladalen (4 timar): kr 850 per pers

Vinterpadling på Sognefjorden (3 timar): kr 850 per pers