2 dagers tur

inn Lustrafjorden

25. - 26. august

 

Helga 25.-26. august arrangerer me langtur med overnatting i Lustrafjorden. Me startar ut frå Indre Ofredalen og padlar ut Årdalsfjorden og inn Lustrafjorden.

Me overnattar i lavvo, lagar mat saman og nyt dei vakre omgjevnadene til fulle.

 
 

 
IMG_4185.JPG

Program

DAG 1:
• Oppmøte, førebuing/pakking
• Me padlar ut Årdalsfjorden ca 2 timar
• Lunsj
• Me padlar til overnattingsstaden, set opp camp og lagar mat

DAG 2:
• Frukost og nedrigg av camp - sporlaus ferdsel
• Me padlar mot Solvorn
• Lunsj
• RIB-transport tilbake til Årdal

 

Informasjon og pris

Helga 25.-26. august arrangerer me langtur med overnatting i Lustrafjorden. Me startar ut frå Indre Ofredalen og padlar ut Årdalsfjorden og inn Lustrafjorden. Me overnattar i lavvo, lagar mat saman og nyt dei vakre omgjevnadene til fulle.

Padleerfaring er ein fordel - då turen vil innebera padling i 3-4 timar om dagen - men me er to aktivitetsleiarar med på turen som vil rettleia også dei som ikkje har padla mykje frå før. Er du usikker - så kan du gjennomføra eit introduksjonskurs/oppfriskningskurs med oss før turen startar. Tenkjer du at du har lyst til å ta grunnkurset vårt i løpet av sesongen, så får du sjansen også til dette før turen. Me har satt opp fleire grunnkurs denne sesongen. 

Om turen:
Turen vil krevja to fulle dagar med ein god del padling. Avhengig av vind- og straumforholda i fjorden kan dagsetappane variera frå 3-5 timar. Hovudfokus er uansett naturopplevinga og at me skal nyta å vera på tur og ha tid til å ta inn den storslagne naturen rundt oss. 
Målet for turen er å nå fram til Solvorn og Walaker Hotel på dag 2. Der vil me nyta ein 2-retters lunsj. Pris på lunsjen er kr 375,- per person.

Lustrafjorden er elles ein av dei lengste fjordarmane i Sognefjorden, og me organiserer difor transport med RIB tilbake til Indre Ofredalen på ettermiddagen dag 2 - så slepp me å padla att og fram same vegen. RIB-safari er elles ei morosam og fartsfyllt oppleving - i kontrast til den stillegåande kajakken. Me seier: ja takk, begge deler! Me har fått ein veldig god pris for RIB-turen frå Solvorn til Indre Ofredalen på kr 400,- per person. 

Om Lustrafjorden: Lustrafjorden er ein lite trafikkert del av Sognefjorden, med spennande natur, mykje dyreliv og idylliske stader for overnatting i telt/lavvo.

Me sender ut pakkeliste i god tid før turen, då de vil trenga utstyr som sovepose og liggeunderlag.

Pris for turen: kr 1900,- per person. Dette inkluderer overnatting i lavvo, stormkjøkken/brensel, 2 stk aktivitetsleiarar, guiding og leige av alt utstyr. Kostnadene til lunsj på Walaker Hotel (kr 375,-) og RIB-turen (kr 400,-) kjem i tillegg.


Vil du vera med? Ta kontakt så snart som råd. Det er 10 plassar på turen, og førstemann til mølla får vera med!




Join us on this adventure! 

 

Førebuing

Er du usikker på om du klarar å gjennomføra denne turen, så kan du gjennomføra eit 3-timars introduksjonskurs med oss før turen startar. Information here

 

 

Kva er inkludert?

  • 1 natt i lavvo
  • brennstoff til matlaging
  • 2 guidar
  • Guiding
  • leige av alt utstyret

Avbestillingsvilkår

Turen må avbestillast seinast 1 veke før avreise, elles vil du bli belasta for heile beløpet.