Yoga & Kajakk

i Fjærland

4. - 6. september 2026

Velkomen til Yoga & Kajakk i idylliske Fjærland!

 

20230902_094024.jpg
 

Workshop Yoga & Kajakk

Det er ei stor glede å kunna invitera til Yoga & Kajakk i Fjærland i samarbeid med Katrin frå Yomasofi. Yogainstruktør Katrin vil ta oss gjennom 4-5 økter med Anahata Yoga i løpet av helga, og er vêret fint kan me gjennomføra yogaøktene utandørs eller innandørs på det gamle Meieriet i Fjærland, som no er pussa opp til ein kul overnattingsplass. Med omgjevander som i eit postkort, blir dette ei helg for å finna ro og ny energi. 

Om Anahata Yoga:

Anahata Yoga handlar om å leda med hjarte i alt ein gjer. Ved å snu fokuset innover i oss sjølve blir me meir medvitne vår eigen kropp, og vil visa godleik i tankar, ord og handlingar mot oss sjølve og andre. Me vil opna opp indre blokkeringar for ein fri flyt av energi. Gjennom desse rolege, fine rørslene tonar me kroppen frå innsida, og oppnår bedre sirkulasjon, pust, energi, vitalitet og kreativitet. Me tillet kroppen å hela seg sjølv betre og forstår at kroppen sitt potensiale er så mykje større enn me trur. Ved å ta ansvar for oss sjølve kan me læra å takle utfordringar betre, både på det fysiske og psykiske plan. 

Ta med eiga yogamatte om du har, varme klede og varme sokkar til å ta på i slutten av kvar økt.  

Kajakk

Yoga og kajakk utgjer ein perfekt kombinasjon. Padling er ein aktivitet som krev at ein er tilstades mentalt, at ein pustar og bevegar kroppen - akkurat som yoga. Me stiller med erfarne instruktørar til aktivitetane. Du treng INGEN førkunnskapar for å ta del i verken yogaøktene eller padlinga. Me tilpassar nivået til den enkelte, og noko av poenget er å læra noko nytt, kjenna på meistring og ha det moro.

Ta med:

Ullundertøy / lette treningsklede til å ta på under tørrdrakta

Caps /solkrem

Klesbyte / handklede dersom ein blir blaut

Varme klede til å ha på på land

Drikkeflaske / snacks til tur

Du kan bli med på:

1) introduksjonskurs havpadling (3 timar)      (inkl våttkort)

2) guida tur (3-4 timar)

Overnatting

Me overnattar på det nyoppussa Meieriet i Fjærland i nydelege og fargerike fleirsengsrom. Historien til denne staden er svært interessant.  Me deler måltid og aktivitetar saman her. 

Mat

Katrin brenn for ei heilheitleg tilnærming til kropp og helse, og me vil ha fokus på mat som gjer kroppen vår godt. Menyen vil i hovudsak vera vegansk/vegetarisk. Katrin er sjefen på kjøkkenet, men for dei med interesse kan det bli aktuelt å laga mat i fellesskap.

MENY KJEM

*Har ein øvrige behov/allergiar må ein melda frå, evt ta med eigen mat. 


Pris:

Totalpris: kr 4200,- pr person inkludert alt.

Betaling: Me sender ut faktura med betalingsfrist 3 veker på førehand. Betaling sikrar deg plass.


 
 

Spørsmål?

Ta kontakt med oss om du har spørsmål. 

Føremålet med denne helga er å vera nær naturen og praktisera yoga og padling i flotte omgjevnader. 

12 plassar - meld deg på ved å ta kontakt på telefon +47 975 22 139 eller epost HER