Grunnkurs hav

 På Sognefjorden april - oktober 2019

 

Har du lyst til å læra å padla havkajakk? Grunnkurset vårt går føre seg på Sognefjorden over to dagar (16 timar) og gir deg ei innføring i alt du treng for å padla vidare på eiga hand etter kurset. Kurset kvalifiserer deg til våttkort frå Norsk Padleforbund. Send oss aktuelle datoar du har høve til å ta grunnkurs, så prøver me å organisera det.

Fastsette datoar så langt: 13.-14. april og 4.-5. mai 2019

 
 

 
IMG_3486.jpg

Program

DAG 1

• Oppmøte. introduksjon og teori
•Praktiske øvingar - teknikk
•Lunsj
•Praktiske øvingar - redning

DAG 2
• Oppmøte, turplanlegging
• Tur
• Lunsj
• Evaluering, spørsmål

 

Kursskildring

Du blir introdusert til kajakken og utstyret. Etter kurset vil du ha lært å manøvrera kajakken, bruka padleåra og tryggleiksutstyret. I tillegg vil du ha lært dei grunnleggande redningsteknikkane.

  • Løfte, bere, sjøsette kajakken

  • Effektiv framoverpadling

  • Rygging og stopping

  • Sidevegs forflytting

  • Padleteknikk

  • Snu og sving

  • Ilandsetjing

  • Sikring av kajakk

  • Redningsteknikkar

  • Førebygging av skadar

  • Turplanlegging

  • Tryggleik på sjøen

  • Friluftsliv

  • Sporlaus ferdsel

Pris

Kr 2950,- pr person

 

FOTO: Bulder & Brak Opplevingar

grunnkurs hav

frå kr 2950,- PR PERSON

 

FOTO: Gro Fretland

Treng du overnatting?

WWW.VETTISRIKET.NO - Din portal til kva som finst i Årdal.

 

Kva må du ta med?

Ullundertøy/superundertøy til å ha på under tørrdrakten
Eit klesbyte
Mat og drikke
Solbriller / skyggelue
Varme klede til å ha på land

 

Kva er inkludert?

Alt utstyr inkludert tørrdrakt og vest. Ta med mat og drikke og klede til å ha på land. 


Avbestillingsvilkår

Avbestilling må skje seinast ei veke før kursstart, elles vil du bli belasta for kurset.