Våre kurs

Me tilbyr kurs både til fastsette tidspunkt og på førespurnad. Kursa våre vert organiserte etter Norsk Padleforbund sin utdanningsstige, og gjer deltakarane kvalifiserte til våttkort etter fullført kurs.

 

 

introduksjonskurs hav

Du blir introdusert til kajakken og utstyret. Kurset er ein introduksjon til padling som me håpar vil inspirera deg til å halda fram med padling i det vidare. Varigheit: 3-4 timar. Me tilbyr dette kurset på førespurnad, då det også kan gjennomførast på ein ettermiddag for dei som ønskjer det. Kurset kvalifiserer deg til våttkort frå Norsk Padleforbund.

PRIS: Kr 1200,- pr person

 

grunnkurs hav

Du blir introdusert til kajakken og utstyret. Etter fullført kurs klarar du å manøvrera kajakken, du kan bruka padleåra effektivt og kjenner til dei ulike redningsteknikkane for kameratredning og sjølvberging. Varigheit: 16 timar over 2 dagar. Kurset kvalifiserer deg til våttkort frå Norsk Padleforbund.                                                                       

PRIS: Kr 2950,- pr person

 
Rune1.jpg

rulleklinikk

Det å meistra eskimorullen i kajakk kan gjera deg til ein meir sjølvsikker padlar. Me tilbyr no rulleklinikk i innebasseng både på fastsette tidspunkt og på førespurnad. Opplegget blir lagt opp slik at kvar enkelt skal ha moglegheit til å utvikla teknikken sin uavhengig av nivå i utgangspunktet.                                                                                  

PRIS: Kr 500,- pr person pr time i basseng (inkl bassengleige)