Rulleklinikk

 

2018

 

Treng du hjelp med å meistra "eskimorulla"? Me set opp rulleklinikk på førespurnad. Det å meistra rulla gir betre sjølvtillit og tryggleik når du skal padla utandørs. Me arrangerer våre rulleklinikkar i innebasseng/utandørsbasseng - som gir oss eit komfortabelt miljø å trena i. 

 

 
 

 
Rune1.jpg

Rulleklinikken

Mange opplever større glede ved padling når dei veit at dei klarar å koma seg rundt i kajakken. Det å meistra "eskimorulla" er ikkje ein føresetnad for å vera ein lukkeleg padlar, men det kan gje deg auka sjølvtillit når vêret blir litt ruskete medan du er på padletur. Det viktigaste er likevel å læra seg kameratredning og sjølvberging - ein må ikkje kunna rulla for å vera trygg i kajakk.  

Me tilbyr rulleklinikkar i basseng (anten innandørs eller utandørs) - noko som gir oss eit meir komfortabelt miljø å trena i. Denne klinikken blir lagt opp slik at kvar enkelt skal oppleva framgang - uavhengig av om ein klarar å læra seg eskimorulla eller ikkje. 

 

 

Booking & Informasjon

Kontakt oss for booking og meir informasjon på epost post@bulderogbrak.no

Pris: NOK 500,- pr time

 
 

Kva er inkludert?

  • Alt padleutstyret som er nødvendig

Booking