Årdal - vakkert og fullt av kontrastar

I Årdal får du naturopplevingar i verdsklasse i eit område av Sogn som ligg litt for seg sjølv. Her slepp ein å gå i kø, og det er noko å ta seg til for dei fleste. Bratte fjellsider byr på den beste skikøyringa, den beste klatringa og dei seigaste turane. Djup fjord og store vatn byr på fantastisk fiske og nydeleg padling. Ville og vakre Utladalen gjer Jotunheimen lett tilgjengeleg for dei fleste – anten du vil gå eller sykla. Og ein flott konsekvens av industrieventyret i Årdal er milevis med anleggsvegar som snirklar seg gjennom fantastisk natur – og som eignar seg perfekt for sykling i høgfjellet. Kom bli med du også!

Gå til portalen www.vettisriket.no for inspirasjon til opplevingar i Årdal.