Sykling i Årdal

 
 

Norges vakraste sykkeltur?

Tusenmeteren

Alternativ 1: Du kan velja å sykla t/r Sletterust-Tusenmeteren, om du vil unngå nedkøyringa på ca 900 høgdemeter frå utsynspunktet ned til Øvre Årdal. Me organiserer transport og henting om de ønskjer det. Me transporterer syklane til startpunktet for turen på Sletterust.

Alternativ 2: Du kan velja å sykla heile vegen frå Sletterust ned til Øvre Årdal. Då får du oppleva dei spektakulære hårnålsvingane frå Tusenmeteren og nedover fjellsida. På ca 400 moh kjem du til hovudvegen FV 53, og må følgja denne ned til bygda. Vegen går gjennom 3 korte, men mørke tunnelar - så hugs lys på sykkel og deg sjølv, og hald sida di og farten nede.

Kontakt oss for leige av terrengsykkel og evt hjelp med å organisera transport til Sletterust.

Sykling i Utladalen er ei flott oppleving for store og små, men hugs at elsykkel er forbode i verneområdet.

Sykling i utladalen

LEIG EIN SYKKEL FOR TUR I UTLADALEN

Dersom du har tenkt deg innover Utladalen for å gå til Vettisfossen, så kan du leiga ein sykkel av oss for å ta deg dei første 5 km ipå grusvegen nn til Vetti Gard. Der må du setja frå deg sykkelen for å gå det siste stykket på sti anten til foten av fossen eller opp til det nye utsynspunktet over fossen. Du kjem til å vera svært takksam for sykkelen når du skal tilbake til Hjelle på slutten av dagen.

Hugs å ta omsyn til gåande i Utladalen! Elva Utla lagar mykje lyd, og det er ikkje sikkert dei gåande høyrer at du kjem i stor fart på sykkel. Bruk ringeklokka og ta ned farten din før passeringar.


JVB spelar på lag for å få deg og sykkelen til fjells!

Transport Øvre Årdal - Sletterust med eigen sykkel?

No kan du enkelt koma deg til startpunktet for turen til Tusenmeteren med buss frå Øvre Årdal til Sletterust. Dette gir deg moglegheita til å koma deg til fjells for å sykla heilt ned att til Øvre Årdal, utan stress og organisering av transport tilbake til bilen.

Avgangene går frå Øvre Årdal skysstasjon kl. 09:20 og 16:55. Du møter opp ved skysstasjonen og lastar sykkelen sjølv inn og ut av bussen. Hugs å bestilla tidleg, det er berre plass til fire sykkelplassar per avgang.

NB! Dette tilbodet gjeld berre persontransport med sykkel mellom Øvre Årdal og Sletterust. Ønskjer du å reisa utan sykkel, kan du kjøpa vanleg billett via www.nor-way.no.

Les mer om person- og sykkeltransport og bestill her:

https://jotunheimentravel.com/transport-til-tunnelvegen…/