Meistring i naturen
 

 

Kvifor "Bulder & Brak?

Jo, kvifor ikkje? Vår kjærleik for naturen i området vårt starta i Hurrungane i Vest-Jotunheimen. Dei majestetiske tindane omkrinsar bygda vår - og dei er alltid til stades i medvitet vårt.  Ordet "hurr" er norrønt og tyder noko slikt som "bråk". Og sjølv om me er mange som oppsøker naturen for å koma vekk frå mas og kjas - så er ikkje naturen stille.  Om du opnar sansane vil du høyra vinden mot fjella, breane som rører seg, vatnet som renn i elvene og steinspranga på våren.  Landskapet rundt oss her i Årdal er bratt og dramatisk - og absolutt ikkje stille. Men det tyder ikkje at me ikkje kan finna stille når me går inn i naturen; lydane og rørslene i naturen speglar nemleg naturen i oss.  Friluftslivet er bra for oss, både for kroppen vår og det som rører seg på innsida.  Og det er dette me ønskjer å dela med andre. Me finn motivasjon i at ein tur med oss kan vera starten på noko nytt i livet - ei ny interesse eller eit nytt syn på naturen og kroppen.  Me ønskjer å gje menneske både utfordringar og meistring - men mest av alt glede gjennom ulike opplevingar i naturen.  Velkomen!

  TORUNN & LARS-KRISTIAN

TORUNN & LARS-KRISTIAN