Yoga & kajakk ved Sognefjorden

Drøymer du om å oppleva Sognefjorden medan du pustar med magen, prioriterer deg sjølv og et god mat? Då er Yoga & kajakk-helgene våre noko for deg!

Det er ei stor glede å kunna invitera til Yoga & Kajakk ved fjorden i Indre Ofredal i samarbeid med Katrin frå Yomasofi. Yogainstruktør Katrin vil ta oss gjennom 4-6 økter med Anahata Yoga i løpet av helga, og er vêret fint kan me gjennomføra yogaøktene utandørs på den flotte kaien ved fjorden. Med berre lyden av bølgjeskvulp og elvesus å lytta til, blir dette ei helg for å finna ro og ny energi. Trykk på knappen nedanfor for meir informasjon:

Torunn Todal Laberg