Vintereventyr gjennom Owemigen

KVAR DAG PÅ BESTILLING | JANUAR - FEBRUAR | 3 TIMAR

Er du klar for eit unikt vintereventyr i Årdal?

Nytt i 2023 er at me tek deg med gjennom ein løynd vasstunnel som går gjennom eitt av fjella våre. Tunnelen vart laga for å leda vekk ei elv som i 1950 flaumde inn på fabrikkområdet på Årdalstangen.

Me guidar deg trygt gjennom tunnelen med utstyr tilpassa forholda, slik at du kan nyta utsynet over Sognefjorden frå eit ganske så spesielt utsynspunkt. Turen tek om lag 3 timar totalt.

PRIS: 850,- per person

Born frå 10 år kan vera med.