Bulder & Brak Opplevingar mot 2019

Sommaren 2018 kom med nydeleg vêr alt tidleg i mai - og me har hatt mange flotte dagar på tur med folk både i kajakk og til fots. Dei flotte opplevingane me har hatt saman med folk frå både inn- og utland gjennom ein flott sesong, inspirerer til vidare satsing - og du kan vera med på å gjera Årdal med alle sine tilbod betre kjend som reisemål. Sprei den glade bodskapen saman med oss - me lovar å ta besøkande med på unike eventyr i den spektakulære naturen vår. Nye produkt er under utvikling, og hugs at me tilbyr trugeturar i Utladalen og til Paradisjuvet i vinter - og at me padlar heile året, ikkje berre på sommaren. Blir gjerne med ut på tur!

Torunn Todal Laberg