Friluftslivet kurerer stress

IMG_6228.jpg

Norsk Friluftsliv har ved fleire høve peika på at friluftslivet er godt for helsa vår - og no har fire danske forskarar lagt fram prov på at dette stemmer. 

Det syner rapporten «Viden om friluftslivs effekter på sundhed», som er ei oppsummering av ei forskningsoversikt basert på 489 individuelle studiar om friluftsliv og helse. Heile 22 studiar har prova at det å opphalda seg i grønne omgjevnader gir eit tydeleg redusert stressnivå, samanlikna med å opphalda seg innandørs eller i urbane område.

Rapporten syner  at det å vera i naturen gjorde deltakarane i dei ulike studiane mindre stressa, heilt uavhengig av om dei tok ein gåtur eller om dei berre slappa av ute i naturen.

Dette kjem ikkje akkurat som noka overrasking på oss i Bulder & Brak Opplevingar - då me har kjent det på kroppen sjølve at naturen har ein effekt på stress og negative tankar, og det fine med dette er at heilt vanlege folk ikkje treng å legga ut på heseblesande ekspedisjonar for å oppnå denne effekten. 

Rapporten syner også til ei rekke andre positive effektar av friluftsliv, som gjeld både den mentale helsa vår og den fysiske helsa vår, og i tillegg påvirkar friluftslivet korleis me fungerer i sosiale relasjonar med menneske rundt oss. 

Heile rapporten kan du lesa sjølv her: 

Torunn Todal Laberg