Fleiredagars padletur på Sognefjorden

PÅ FØRESPURNAD TIL GRUPPER • 2-3 DAGAR

Førespurnad

Eit padleeventyr på Sognefjorden
På førespurnad frå grupper arrangerer me tur frå Årdalsfjorden og inn Lustrafjorden. Me startar der ved Årdalsfjorden, der Sognefjorden går på land, og tek oss innover i Lustrafjorden. Turen vil krevja to til tre fulle dagar med ein god del padling (avhengig av ruta me legg opp). Avhengig av vind- og straumforholda i fjorden kan dagsetappane variera frå 4-6 timar. Hovudfokus er naturopplevinga og at me skal nyta å vera på tur og ha tid til å ta inn den storslagne naturen rundt oss.

Målet for turen er å nå fram til Solvorn (dag 2) eller Skjolden (dag 3). Me legg inn tid til å besøka ulike attraksjonar undervegs.

Lustrafjorden er ein av dei lengste fjordarmane i Sognefjorden, og me organiserer difor transport med RIB tilbake til startpunktet på ettermiddagen dag 2 eller 3 - så slepp me å padla att og fram same vegen. RIB-safari er elles ei morosam og fartsfyllt oppleving - i kontrast til den stillegåande kajakken. Me seier: ja takk, begge deler!

Overnatting i telt/lavvo.

Me sender ut pakkeliste i god tid før turen, då de vil trenga utstyr som sovepose og liggeunderlag.

Pris for turen: frå kr 3200,- per person. Dette inkluderer overnatting i lavvo, stormkjøkken/brensel, padleleiar, guiding og leige av utstyr.

Vil du vera med? Ta kontakt så snart som råd. Det er 8 plassar pr padleleiar på ein slik tur.

 

PRIS:

Vaksen (14+): frå kr 3200,-