Fossevandring i Utladalen

KVAR DAG PÅ FØRESPURNAD • 4 TIMAR

Bli med oss på fossevandring i Utladalen. Utladalen landskapsvernområde er kjend for fossane sine - og krona på verket er sjølvsagt Vettisfossen med sitt frie fall på 275 meter. Våre lokalkjende guidar tek deg med på vandring frå foss til foss innover dalen, og du vil få høyra om både historie, kultur og natur. Me stoppar også innom utstillinga i Utladalen Naturhus, før me vandrar langs elva Utla. Du får oppleva fire store fossar på vegen inn til Vettisfossen, i tillegg til fleire mindre fossefall. Me avsluttar med eit besøk hjå Vettisfossen.

PRIS:

VAKSEN: KR 850,-

BORN: KR 550,-